Sesongopning av Messen Kunstpark i Ålvik

Sesongopning av Messen Kunstpark i Ålvik
med nytt kunstverk av kunstnaren Marianne Berg.
Laurdag 2. mai kl. 14
Kunstnaren Marianne Berg frå Bergen, har budd og arbeidd i Kunstnarhuset Messen i april og har forma det nye kunstverket i Kunstparken. Dette er den tolvte kunstnaren som har fått oppdrag med å skapa eit kunstverk i Kunstparken.
Etter ei enkel opning ute i parken inviterer me publikum inn i Kunstnarhuset Messen til ei hyggjeleg stund med drøs, kaffi, te og noko å bita i. Velkommen !