Sesongopning i Messen kunstpark i Ålvik
med nytt kunstverk av kunstnaren Arne Ingvaldsen

Laurdag 27. april kl. 15.00 vert det sesongopning med eitt nye kunstverk i Messen Kunstpark i Ålvik.
Kunstnaren Arne Ingvaldsen, frå Bergen, har budd og arbeidd i Kunstnarhuset Messen i april månad og har
skapt det nye kunstverket i Kunstparken.
Ordførar Torgeir Næss vil stå for den offisielle opninga.
I tillegg vil kunstnaren sjølv seie litt om verket sitt.

Etter opninga i Kunstparken inviterer me publikum inn i Kunstnarhuset Messen.
Arne Ingvaldsen vil vise ein digital presentasjon av tidlegare skulpturprosjekt og utsmykkingar han har laga.
Dei andre gjestekunstnarane vil også halde dørene opne til sine studio. Her kan ein fritt stikke innom og sjå kva
dei held på med. Det vert også servert kaffi og te i salongen.

OM ARNE INGVALDSEN
Arne Ingvaldsen (1947) frå Os, busett i Bergen er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, og NTNU, fakultet for
arkitektur og design i Trondheim. Med bakgrunn som arkitekt og kunstnar arbeider han ofte med
stadsspesifikke intstallasjonar. Enten han tar heile gallerirommet i brukt eller som i Messen Kunstpark tar
utgangspunkt i det utearealet han har tilgjengeleg og tilpassar seg omgjevnadane.
Ingvaldsen har hatt ei rekkje offentlege utsmykkingsoppdrag både utandørs og innandørs.
Han har vore og er ein synleg kunstnar med mange separat- og gruppeutstillinger. I 2011 hadde me her i Kvam
gleda av ei fargerik utstilling i Kunsthuset Kabuso, der han tok i bruk sjølve vindaugene til sine verk.

https://www.arneingvaldsen.no/

KUNSTVERKA FRÅ DEI TIDLEGARE ÅRA
Alle kunstverka står framleis fint i Messen Kunstpark. Med det nye verket i år kan ein no oppleva
til saman 9 verk.
Dei tidlegare verka er laga av kunstnarane Aud Bækkelund, Simone Hooymans og Gabriell Johann Kvendseth,
Wim van den Toorn, Reinhard Haverkamp, Sjaak Langenberg & Rose de Beer,
Frank Åsnes, Bart Nijboer.

Helsing
Prosjektgruppa for
Messen Kunstpark
-mellom fjell, fjord og draumar –