Zoe-Messen

illustrasjon Zoe Hawk, 2012

Kunstnarhuset Messen er eit kunstnarsenter i hjartet av Hardanger. Messen ligg i bygda Ålvik, ved Hardangerfjorden.
Hardangerregionen har ein rik kulturell tradisjon og er kjend for det vakre landskapet.

Messen vart bygd i 1918 som administrasjonsbygg for den tidlegare lokale metallindustri verksemda Bjølvefossen.
Kunstnarhuset Messen består av eit bygg i tre etasjar, kvar på ca. 420 kvadratmeter. I tilegg disponerer me kjellarlokale, loft og ein tilhøyrande stor hage. Bygningen er svært romsleg, og med ein særprega atmosfære.

Kunstnarsenteret tilbyr gjestekunstnaropphald for norske og internasjonale kunstnarar frå alle kunstdisiplinar.
I Kunstnarhuset kan ein bu og arbeide saman med andre gjestekunstnarar og kunstnarar frå regionen som har sin arbeidsplass i huset. Me har opp til 5 gjester buande på same tid.
Gjestekunstnaropphald kan vare opp til 3 månader.
Me har også vertskap i huset, begge kunstnarar, med to barn, som bur og arbeider i huset.

Du får vite meir ved å søkje i den informasjonen du finn her på sida på engelsk.
Du kan også ta direkte kontakt ved å sende ein e-post til
post@khmessen.no