Laurdag 25.09 2021 kl 12-15

Pris: 150 kr.

To bolkar. Først teori og deretter praktiske øvingar

kl 12:00 -13:45
Føredrag med foto som illustrerer tradisjonen (2 x 45 minutter med 15 minutt pause i mellom)

Kl 13:45- 15:00
Deltakarane prøver ut diverse kroteteknikkar og mønster.

Eg tek med brunt kraftpapir som dei kan krote på og kritt og surmjølk til å krorte med.
Om deltakarane heller vil prøve å krote på trverk må dei gjerne ta med ei brunbeisa fjøl.
Ellers kan det vera lurt å ta med papir og blyant for å notere under vegs og teikne opp mønster

Kroting er ein alderdommeleg dekortradisjon som ein kun har funne spor av på Vestlandet. Kjeldene fortel at kvinnene teikna eller malte ei kvit langsmal bord med geometriske figurar på veggen i røykstova. Borda gjekk som ein ubroten ring rundt rommet – gjerne tvers over dørbladet. Enkelte stader vart det også krota eit motiv på eine gavltrekanten, over borda.

Kroting vart gjort til jul, jonsok og bryllaup. Borda vart gradivs dekka med sot frå den opne eldstaden, og krota på ny ved neste høgtid.

Det er få gamle kroteborder att og dei fleste er bare bruddstykke eller svake spor. Fleire av krotebordene ein kjenner til er oppdaga ved rein tilfeldigheit og ein veit derfor ikkje sikkert om dei er representativ for skikken, eller bare eit tilfeldig utval. Noken border er svært enkle med repeterande motiv, andre har eit intrikat mønster som er samansett av mange ulike motiv i seksjonar. Noken er sirlige og tydeleg utført av ei stødig hand. Andre ser ut til at dei er blitt utført i all hast av ei meir uvøren hand.

Det er mange ting ved kroteskikken som kan tyde på at det ikkje bare var for å pynte stova at ein lagde desse bordene. Så godt som alle motiva ein finn i krotebordene er i andre samanhengar blitt tolka som vernesymbol mot vonde makter som ein trudde var ekstra aktive rundt solsnu. Det er derfor naturleg å sjå på kroting og som ein tradisjonen der borda både var ein dekor i tillegg til at motiva gav vern til hus og folk.