Art house Messen, Ålvik, Norway
Kunstnarhuset Messen, Ålvik, Norge

Synneva Heradstveit

Visningsrom utstilllinga “Kvardagar”
19. juni – 14. aug 2021
Akvarell

Laurdag 19. juni opnar ny utstilling i Kunstnarhuset Messen i Ålvik.
Denne gongen er det Synneva Heradstveit som viser sine akvarellar. Ho er ein av få kunstnarar i Norge som har gjort akvarellen til sitt kunstnarlege språk.
Synneva bur i Bergen, men vaks opp på Heradstveit i Tørvikbygd og har sterke røter til Kvam og Hardanger.
Kunstutdanninga tok ho i Bergen på Kunsthåndverksskolen og på Vestlandets Kunstakademi. Lista for alle utstillingane ho har delteke på er lang og det same er lista over separatutsillingane ho har halde rundt om i landet.
Utstillinga ho viser i Ålvik i sommar har fått tittelen, KVARDAGAR. Akvarellane skildrar stemningar, årstider, naturen og ljoset rundt oss i dei store fargeflatene.
Synneva kallar bilete sine for ”Tidlause landskap” og seier vidare om arbeidet sitt:
”Eg arbeider med akvarell i eit minimalistisk formspråk, mellom det kvasse og det flytande, lag på lag, farge på farge.
Uttrykket baserar seg på landskapsobservasjon og naturminner.
Eg arbeider gjerne i seriar, og er opptatt av at fargen i seg sjølv kan gi rom for assosiasjonar og individuell tolking”
Utstillinga er ope på laurdagar.
For dei som vil læra å male akvarell er det mogleg å melde seg på kurset i veke 26.

Akvarell “Treklang”