I hus og hage – maleri

18. sept – 09. okt 2021.

Ope Laurdagane klokka 12.00 – 16.30

Interiør II_65x50cm_akryl på lin

Visningsrommet i Kunstnarhuset Messen opnar ein ny utstilling med maleri av Johild Mæland. Mæland er frå Hardanger og busett på Utne. Ho viser maleri med akryl på plate eller lerret.

Johild skriv sjølv om utstillinga:
I denne utstillinga viser eg maleri som kretsar om det heimslege. Temaet har kome til som ein konsekvens av Koronapandemien og restriksjonar i forhold til å bevega seg utanfor eigen heim. Med minimal sosial kontakt har eg vendt blikket mot det nære og konkrete som er og som skjer i eigen heim. Det har vore ei interessant oppdaging av dei visuelle kvalitetane som er i kvardagen og det tilfeldige.

Ved å male det kvardagslege ser ein det ein har rundt seg, av saker og ting og familie, med eit meir fokusert blikk enn kva ein ellers gjer. Heimen fortel utruleg mykje om ein sjølv. – om val ein har tatt, om smak, interesse og økonomi. Kvar einaste vesle eller store gjenstand har sin eigen historie. Dei er kjøpt, arva eller fått – som bestikk i kjøkenskuffa, møblar, planter. -Alt knyter seg til minne og opplevingar for oss som eig det.

Ein kan sjå på ein heim som eit eige og tidsbegrensa kosmos. Ting vert bytta ut, nytt kjem til, ein ommøblerer, spar opp nye bed til blomar og grønsaker, malar og vedlikeheld huset. Sår og haustar. Ingenting er konstant, men alt er del av syklusen vekst – forfall.

Utstillinga I hus og hage er ein form for dokumentasjon av utvalde motiv i min heim. Motiva er forsøkt skildra dokumentarisk utan å legg til, ta vekk eller forskyva element.
I noken av bilda er motiva utpensla med maling lag på lag og nyansane finstilt over lengre tid medan andre bilde er skisseprega observasjonar.

Det er blitt 11 maleri med motiv frå livet i eit hundre år gamalt hus og hage som fleire andre – før oss – har levd i og hatt som sin heim og ramme om sine liv.


Kurs i kritkroting ved Johild Mæland – Laurdag 25. september 12 – 15

To bolkar. Først teori og deretter praktiske øvingar
kl 12:00 -13:45
Føredrag med foto som illustrerer tradisjonen (2 x 45 minutter med 15 minutt pause i mellom)
kl 13:45- 15:00
Deltakarane prøver ut diverse kroteteknikkar og mønster.

Pris: 150,- pr deltaker.